Kvar dag gjennom året kan du reise langs den vakre kysten med oss i Fjord1. Mandag til fredag går det hurtigbåt til og frå Bergen to gonger kvar dag. Laurdag og søndag går båten ein gong kvar dag.
Uansett om du pendlar, er på ferie eller skal besøke nokon du er glad i så kjem du deg trygt frå A til B i våre moderne båtar.
Ekspressbåten stoppar på sentrumsnære kaier i by og bygd langs kysten av Fjord Norge. Dei fleste stoppa har anløp kvar dag, men ikkje alle. Sjå rutetabell for fleire detaljar.
Ruta Bergen – Nordfjord – Bergen har desse stoppa:
| Selje | Rysjedalsvika |
| Måløy | Skjerjehamn |
| Leirgulen | Sollibotn |
| Smørhamn | Mjømna |
| Florø | Vardetangen |
| Askvoll | Lygra |
| Krakhella | Bergen |
Enten du er pensjonist, student, reiser med familien eller kjøper tur/retur-billett, så skal du få ei god reiseoppleving til ein god pris.