Kvar dag gjennom året går ekspressbåten mellom Bergen, Balestrand og Sogndal. I tillegg går det eit fjordcruise til Balestrand, Aurland og Flåm i perioden 1. april – 31. oktober.
Uansett om du er på ferie, pendlar, eller skal besøke nokon så kjem du deg trygt frå A til B i våre moderne båtar.
Ekspressbåten stoppar på sentrumsnære kaier i by og bygd langs kysten av fjordnorge. Dei fleste stoppa har anløp kvar dag, men ikkje alle. Sjå i rutetabellen for fleire detaljar.
Heilårsruta Bergen – Sogndal – Bergen har desse stoppa:
| Bergen | Sollibotn | Balestrand |
| Lygra | Rysjedalsvika | Leikanger |
| Vardetangen | Lavik | Sogndal |
| Mjømna | Nordeide | |
| Skjerjehamn | Vik |
Fjordcruiset Bergen – Sogn - Flåm – Bergen (1. april – 31. oktober) har desse stoppa:
| Bergen | Rysjedalsvika | Leikanger |
| Lygra | Lavik | Aurland |
| Vardetangen | Nordeide | Flåm |
| Skjerjehamn | Vik | |
| Sollibotn | Balestrand |
Enten du er pensjonist, student, reiser med familien eller kjøper tur/retur-billett, skal du få ei god reiseoppleving til ein god pris.
Ja, du kan ta med hund på reisa. Du bestiller plass til hunden samtidig som du kjøper båtbillett. Hundar blir plasserte på tildelt plass av mannskapet. På grunn av allergiar blant andre reisande kan vi dessverre ikkje garantere tilgang til salongen. Vi anbefaler difor at du tek med eige hundebur.
Ja, du kan ta med elektrisk rullestol på reisa. Du kan reservere plass til rullestolen kostnadsfritt samtidig som du bestiller båtbillett. Rullestolplassen er plassert like i nærleiken av andre seter. Det er universell utforming på hovuddekk i alle fartøy inkludert hovudsalong, kiosk og toalett. Ta gjerne kontakt med mannskapet for spørsmål og assistanse før og under reisa.
Vi legg til rette for at du kan arbeide effektivt om bord på ekspressbåtane. Du kan forvente ei komfortabel reise med gratis internett og stikkontaktar lett tilgjengeleg. På reisa kan du ta med bagasje på opptil 20 kg kostnadsfritt.
Vi har eit stort utval av mat og drikke i kiosken om bord dersom du blir svolten på reisa.
På ekspressbåtane finst det ulike typer seter du kan velge imellom. Ein del seter er plassert ved bord, medan andre seter har klappbord som har plass til ein PC.
Ja, du kan enkelt lade mobil, PC og liknande om bord. Stikkontaktar er tilgjengeleg ein rekke stader i salongane både oppe og nede i båten.